Gaia
BATLAGET GAIA
Gaiaboat
BÅTLAGET OM GAIA10 METERENSEILING OM GOKSTADSKIPETBÅTBYGGING HANDEL GVV2005




Gaialogue

Råseiling

Å seile råseilsbåter er meget spennende og det skiller seg ganske mye fra andre båter. Nedenfor følger en kort beskrivelse av hvordan dette generelt gjøres, skrevet av Vegard Heide. På Gaia følger vi stort sett denne beskrivelsen.


SEGLING MED FEMBØRING OG TILSVARANDE RÅSEGLBÅTAR.
(Norsk Standard)

Om bord i ein båt skal mange gjere dei rette grepa samstundes. Å segle ein båt er ikkje eit einmannsverk. Frå gammalt har seglteknikken vore ein felles rituale for eit større område. Da var alle på sett og vis samsegla, og ein var ikkje avhengig av sitt personleg opptrena mannskap. Kven som helst kunne i prinsippet gå saman i ein båt og det ville fungere. Dette bør vi ha som mål i dag òg. Eg håpar denne gjennomgåinga av det mest grunnleggande i segling med større råseglbåtar kan bidra til det.

Utgangspunktet for dette skrivet er trøndelagstradisjonen. No er det meste felles på heile den vestlege norskekysten, men på nokre punkt kan det vera dialektforskjellar.

Å segle med vinden er enkelt, å selge på tvers av vinden er kurant, å segle på skrå mot vinden er vanskeleg, å segle rett mot vinden er umogleg.

Når ein seglar rett unna vinden kallar ein det skautvind, lens. Da er det om å gjere at seglet dannar ei størst mogleg flate, vinkelrett på vinden, "sponplateprinsippet".

Etterkvart som vinden kjem meir og meir inn på skrå bakfra, kallar ein det tollvind eller slør.

Og da stiller seglet etter "flyvengprinsippet". Seglet verkar som ei flyveng eller fugleveng på høgkant: Lufta deler seg ved forliket og skal møtast igjen ved atterliket. Den lufta som har yttersving (framsida av seglet) får lengre veg, og må ha større fart enn den på baksida. Større fart gjev mindre lufttrykk, og da blir det eit sug på framsida av seglet.

Ved å stille seglet meir og meir på skrå, kan ein få til å segle på skrå opp mot vinden, å krysse. Dess meir opp mot vinden ein seglar, dess seinare går det. Det som gir mest vinning opp mot vinden er å styre 50-60 grader fra vinden, høgste gonge. Når ein krysser verkar krafta frå seglet meir til sida enn framover. Fordi båten er lang og smal og har ein lang kjøl, går han likevel mest framover, men han skrensar litt sidelengs òg, vi seier at han har avdrift.

Avdrifta er 5-10 grader på høgste gong.

For at båten ikkje skal velta av seglpresset må vi ha tyngd i botnen av båten. Slik last som ikkje er nyttelast kallar vi barlast. Vekta av anna last, og ikkje minst folk, gjer òg nytte, vel å merke dersom dei er plassert til lovart (vindsida). I ein liten båt må folketyngda vera rett plassert: I lovart, og nokonlunde midt i båten der han har botn å stø seg på. Legg vinden båten så mykje over at det renn inn sjø, må ein krympe seglet, men det kan godt renne inn 1000 liter vatn i ein fembøring før det blir fare på ferde. Rosser og ujamn vind er det som er farleg, da kan båten velte på nokre sekund, om ein ikkje får ned seglet.

Barlasten skal vera av rund stein. Om ein skulle vera så uheldig å kollsegle, trillar han ut så båten ikkje søkk.

Fordeling av oppgåver. *

Dette er den gamle fordelinga som var brukt på fembøringar og storbåtar. Ein treng ikkje å følgje ho slavisk, men ho er gjennomprøvd, og er ein van med ho fungerer ho veldig godt i hardt vèr.

Skottkar/Hauskar, framom seglet/halsen. Utkikk, greier med bolina/penta, held priaren når ein har opp seglet i mykje vind, set bolina, set signatet.

Halskar, ved halsen. Nestkommanderande om bord, har hovudansvaret framme. Hjelper til med å få halsen ned i vendinger. Dersom det er smett er det han som haler og set fast han. Følgjer seglet (held framkanten av seglet mot vinden/held seglet skjevelt) når det går opp og ned, halser båten.

Framrorskar/klobèr, omkring mastra. Priar, toppseglskaut, ber fram og legg fast halsen i vendinger, når ein ikkje har smett. Tar oppgåvene til midtiromskaren om det berre er 5 om bord.

(Midtiromskar), bakom mastra. Rakketrossa, toppseglskaut, auser, haler seglet inn i båten når ein tar i hop, hjelper til med å vinde segl og hale priar. (Navigerer)

Skautkar, i hammelrommet. Vind (vett) seglet opp og ned, halar og renner skaut, kan ta roret i vendingar.

Høvedsmann, i hammelrommet. Klarer brasene, roret, hjelper til med skautet.

Grunnprosedyrer og standarduttrykk

No vett vi ("Vundo dei opp sine silkesegel", vindebru) No heisar vi segl. Vettinga bør gå fort, og seglet skal haldast i skjevel. Den mest kritiske delen av seglinga er før ein har kome skikkeleg under segl og fått fart i båten; da er han ikkje så stødig, og ikkje manøvrerbar. Høvedsmannen seier til dømes: sett`n(halsen)på fremsten, og eventuelt kva for ei side, om det ikkje er opplagt. Når det er gjort seier han: kvar med sitt: no lyt kvar og ein vera klar, på sin normale plass.

Så kjem: (Følg med seglet), no vett vi. Halskaren står eller sit like bak halsen, tek eit godt tak i framliket, og held seglet skjevelt (levande) for å minske vindpresset medan ein vett. Skautkaren og klobèren halar draget og høvedsmannen held seglet skjevelt med brasane. Skottkaren ser til at bolina er grei, og held priaren for at seglet ikkje skal slå for mykje. Med det same seglet er oppe, ropar dei: fast. Høvedsmannen brasar til fyllings og skottkaren set bolina. Skautkaren dreg inn skautet etterkvart som båten skyt fart. Er det tungt dreg ein priaren og skautet parallelt.

Ta i hop (seglet skal ned)

Meldinga er ta i hop: (No passar det bra å ta ned seglet/seglet ned). Høvedsmannen brasar seglet skjevelt, skautkaren løyser skautet, rykker laust draglauparen og firer seglet. Halskaren sit i halsen, prøver å halde seglet skjevelt og dreg det ned etter framtelna. Klobèren halar i rakketrossa om det trengst, og er det fleir, bergar dei seglet bak, så det ikkje går i sjøen.
I sterk vind legg ein seg oppå det, for at det ikkje skal blåse opp att.

Stagvending (vending mot vinden med seglet oppe).

Dersom det er maksvèr (makeleg vèr) og mannskapet ikkje er oppmerksame, seier høvedsmannen først: kvar med sitt. Så kjem den eigentlege beskjeden: pass på. (Pass på er nok, når ikkje noko anna er sagt, er det stagvending). Har båten dårleg fart kan ein falle av litt. Skottkaren tek av signatet og krøker det i på andre sida. Så legg ein styret (roret) heilt over for å skjera opp i vinden så fort som råd (er det sideror er det gjerne midtiromskaren som tek det i vendinga). Høvedsmannen brasar seglet meir langskips for å ha vind i seglet så lenge som råd.

Dreier båten godt, held høvedsmannen råa langskips etter at seglet blar. Er det lite rotasjon i båten kan han dra litt i luv bras, og brase inn litt bakk (stille seglet meir tverrskips så vinden kjem på framsida av seglet). Dette vil auke rotasjon, men gje meir sig attover. Så snart seglet er godt bakk (vinden inn i seglet forfra) løyser skautkaren skautet. Halskaren halar i smetten så segløret (seglhjørnet) kjem så vidt framom fremste vantet på andre sida. Når båten sig attover legg ein roret over på andre sida. No er det viktig at bolina står fast, dersom ho blir løyst før ho skal, kjem seglet meir på tvert og båten susar attover. Skottkaren halar til seg slakken i bakenden av bolina.

Når båten har dreid så mykje at seglet kan stå skjevelt til andre sida, roper høvedsmannen: la gå. Han dreier seglet med brasane, men stoppar så det står skjevelt, så ikkje vinden fyller seglet og får makt. Samstundes løyser skottkaren bolina og halskaren smetten. Halskaren dreg smetten på andre sida for å få fram halsen så snart som råd, og skottkaren hjelper til å dra fram med bolina. Når seglet kjem fram, heng han i bolina for å hjelpe til med å få halsen så langt ned som råd før halskaren set fast. Sjølv om ein har smett kan kloberen bera fram halsen og hjelpe til med å få han ned. Det er viktig å vera snar, for etter kvart kjem det vind i seglet, og da blir det tungt. Dessuten hjelper dei andre til kvar på sin kant, så det skal blir lettare å få ned halsen, heilt til halskaren roper: fast. Er det mykje vind eller somling treng ein signatet for å få halsen heilt nedåt.

No braser høvedsmannen fullt og skottkaren set bolina og skautkaren halar skautet gradvis heim når båten kjem i fart. På la gå, halte han i skautet for å hjelpe til med å snu seglet, men han halte ikkje heilt heim, for da ville det blitt tyngre å få halsen ned.

Dersom ein ikkje har smett, blir det annleis:
Når seglet er godt bakk løyser halskaren halsen, dreg ut seglstikka, og set ho i på andre sida. No heng seglet berre i bolina, og det er viktig at ho ikkje blir løst før ho skal, elles kjem seglet på tvers og båten susar attover.

Klobèren tek skautet med seg framom vanta og er klar. På la gå spring han fram med skautet og legg det om stikka. Med det same seglhalsen kjem fram, hengjer halskaren seg i, og hjelper til med å få han nedåt. Skottkaren gjer på same vis som med smett.

Om ein ikkje er så mange, ber halskaren fram halsen.

Vending unna vinden. Kuvending, å vende unna

Høvedsmannen seier: Pass på, vi går under. I ei kuvending er priaren viktig, framromskaren passar han. Ein fell av frå vinden og stikk etterkvart i skautet, priaren og bolina. Når båten nærmar seg rett unna, gjer halskaren fri halsen, og framromskaren halar priaren litt inn, så seglet ikkje bles oppi staget. Er det godt øvd mannskap ser dei sjølv når det er passeleg, eller er meldinga: Gjer fri bolina, Gjer fri halsen. Høvedsmannen dreier seglet med brasane, halskaren får fram halsen og set han fast på andre sida. Har ein ikkje smett ber kloberen fram halsen og legg han fast. Det er viktig at ein får halsen tidleg ned og fast, gjerne like etter at ein har vinden rett bak, seinare blir det berre tyngre og tyngre.

Høvedsmannen kan hjelpe til med å få ned halsen ved å dra litt i luv bras om dei er for seint ute. Bolina må òg settast før ein kjem opp på høgste gong igjen.

Roing

Ein ror med heile kroppen, spenner frå med beina, armane er berre som taug mellom skuldrane og åra. I den siste delen av åretaket brukar ein armmusklane til å løfte kroppen opp i sittande stilling. Og ein prøver å slappa av i heile kroppen mellom kvart tak.

Legg inn årene, kvil på årene, hamle(skåte), sett i årene.

Fortøyning

Fest enden av tauget på kaia med ein gong. Så kan ein hale og justere ombord. Lange taug langsetter båten heiter spring. Akterspringet går fra bak i båten og fram på kaia, framspringet går fra framme i båten og bakover på kaia. Det er mykje brukt å ha to spring, og ein tamp rett inn på kaia framme og bak.

Ordliste

Brase rundt: dreie seglet rundt med brasane.

Falle av: dreie meir bort frå vinden.

Fremste: fremste holet til å feste halsen. Dersom ein har smett, går han i fremsten.

Halsen: det hjørnet av seglet som til ei kvar tid er fram.

Gå opp: dreie meir (opp) mot vinden.

Klo: kause i sideliket som ein krøker seglkroken innpå for å krympe seglet, trekke ei klo, sette ei klo.

Kvar med sitt:(Hver til sitt) melding om at alle bør være på rett plass i båten, klare til handling.

Liket/kvarden: kanten av seglet.

Signat: Talje som ein brukar for å dra ned og eventuelt avlaste halsen.

Skjevel: når seglet skjelv, blafrar, er levande, når det ikkje er vindkrefter i det.

Søft, å søfte, ta søft (rev): Krympe seglet med å knyte det sammen med søftband (lissar)

Ta i hop: seglet skal ned, seglet ned.

Å duve: å dra seglet ned i framkanten

Å halde i skjevl: halde seglet skjevelt. Når seglet går opp og ned bør halskaren halde det skjevelt så ikkje vinden får makt og det blir lettare å få det opp og ikkje minst ned.

Å sette halsen: å feste halsen til seglstikka framme i eit av dei tre (to) hola.

Å sette, sett…bolina, priaren. Å stramme tauget litt. (kan òg vera å sette fast tauget passeleg stramt)

Å sitta i halsen/sitta hos seglet: å sitta på vaterbordet/ripa like bakom der halsen er festa og halde/dra i seglet, i forliket. Dette er for å halde seglet skjevelt (levande), anten medan det går opp eller ned, eller for å minske vindpresset i ei rosse; ta ut vind, halse båten, live seglet.

Å stikke, stikk,….i bolina, priaren, skautet (skjøtet). Å gje ut litt på tauget.

Det er mykje meir å lesa og lære i firebindsverket: "Nordlandsbåten og Åfjordsbåten" av Gunnar Eldjarn og Jon Godal. ISBN 82-90795-017 (bind 1) ISBN 82-90795-009

Rissa, 22/2/99
Vegard Heide, Fosen Folkehøgskole

* På Gaia bruker vi litt annen fordeling av mannskapet pga størrelsen. Det som skiller seg vesentlig ut er bruk av Bestmann. Bestmannen er nestkommanderende på Gaia og har ansvart for fordeling av mannskap.

 
Media    -   Linker   -   Kontakt oss   -    Kreditt   -   © copyright